Grendalagsstyret er "oppe og går"!
/Onsdag 8. mai hadde styret i Fogn grendalag sitt første styremøte etter årsmøtet tidlegare i vår. På årsmøtet vart det klart at Ole Klingsheim fortsette som leiar, og styret valde Håvard Østhus til å vere sekretær. Styret jobber også med å finne ein kasserar, men kven som får denne rolla er enno ikkje heilt avklart.
Elles vart styret samde om at ein framleis vil arbeide innafor dei områda som vart definerte i fjor, nemleg samferdsel, bulyst, kulturlandskap, turstiar og turisme. Alt i morgon er det eit møte mellom styret i grendalaget og politikarane frå Fogn, der særleg samferdsel står på agendaen.
Det kjem meir informasjon frå arbeidet i grendalaget, og korleis folk kan fylgje med på kva som skjer på styremøtene i nær framtid.