Ryddeaksjonen 2019
/Det er tid for årets ryddeaksjon. Frå 29.april til 3.mai har kommunen ståande ein søppelcontainer ytterst ved ferjekaien. Søppelposar frå Øyposten kan hentast på Joker Fogn.
Me oppfordrer folk til å hente søppel langs veg, turområde og strender der dei bur. Ta det med til kaien og hiv det i søppelcontaineren.
Bremnes Seashore kan hente sekker langs sjøen ved behov. Dei vil og sponsa med 100 kr for kvar
søppelsekk som blir samla inn. Merk søppelposen med namnet på det laget/organisasjonen du vil skal få pengene. Evt skule/barnehage.
Fogn grendalag oppfordrer alle til å bli med på årets søppeldugnad!
Me arrangerer felles tur til Skinnvika onsdag 1. mai kl 16 kor me henter søppel langs turstien og på stranda.
Foto: Håvard Østhus