Knusande seier til Fogn i sessongåpninga
/26.april var det duka for sesongåpning for Fogn A-lag. Både Fogn og Tjensvoll 2 hadde mål om 3 poeng i den fyrste kampen. I surt vestlandsver kom laga ut på den strøkne grasmatta på Fogn Stadion. Fogns utvalgte varma opp i eit knapt kvarter, før kampen vart sparka i gong. Fogn pressa jamt frå start, og etter 31 minutt fekk Håvard Østhus kriga ballen i mål.
Like før pause scora Pål Rune Grønås på eit frispark frå omlag 30 meters hald. Ballen traff like under krysset, eit drømmetreff av trønderen.
Fogn var med godt mot i pausen, og dei frammøtte hadde verkeleg trua på dei blå. Andre omgang fortsatte som fyrste, Sondre Sandanger Sørheim og Jakob Bø, scora kvar sitt mål med 5 minutt mellomrom. Ein perfekt start på sesongen
Neste heimekamp er 24.mai mot Madla 3.
Under kan du sjå bilete frå kampen: