Velkommen til folkemøte om vegnamn!
/Grendalaget inviterer til folkemøte om vegnamn her på Fogn, onsdag 16. januar klokka 19.30 på Fogn oppvekstsenter.
Bakgrunnen er eit høyringsframlegg frå Finnøy Kommune om vegnamn på ikkje-landfaste øyar. Framlegget er utarbeidd av ei vegnamnsnemnd oppnemnd av formannskapet, og der Øystein Sandanger er med frå Fogn.
Sak og høyringsframlegg vert presentert, og det vil vere høve til diskusjon og innspel. Basert på dette vil grendalaget utarbeide sitt høyringssvar. Det er også høve for alle som ønskjer å sende eige høyringssvar på eit eller fleire av dei føreslegne vegnamna.
Vel møtt!
Ole Klingsheim
Leiar i Fogn Grendalag