Mange deltakarar på volleyballcupen
/Sundag 30.desember var det duka for årets volleyballcup. Det var god stemning blant spelarar og tilskodarar som var møtt opp i gymsalen. Seks påmeldte lag; Magnificent 7, Nederlaget, Vinnerlaget som tapte i fjor, Østhusane, Team Rocket og Randaberg. Før arrangementet vart sett i gang, delte Ottar ut premie til Anders Sandanger og Jakob Bø. Dei hadde gått Fognamarsjen for 30. gong i år. Dei fekk ein ostehøvel frå Sølvsmeden.
Deretter vart laga delte i to puljer, der dei to beste laga i kvar pulje gjekk vidare til semifinale. Kampane i gruppespelet var ett sett til 25.
Semifinalane var tre sett til 25, og finalen lik semifinalane.
Puljene endte slik:
Pulje 1:
Nederlaget
Østhusane
Team Rocket
Pulje 2:
Vinnarlaget som tapte i fjor
Magnificent 5
Randaberg
I pulje ein gjekk Østhusane og Nederlaget vidare, medan det i pulje 2 var Vinnarlaget og Magnificent 7 som gjekk til seminale.
I semifinalen vann Magnificent over Nederlaget etter siger i begge sett.
I den andre semifinalen vann Vinnarlaget over Østhusane.
I finalen stod kampen mellom Magnificent og Vinnarlaget. Desse laga hadde møtt kvarandre i gruppespelet. Då stakk Vinnarlaget av med sigeren. I finalen såg det lenge ut til at utfallet skulle gjentas.
Men etter halvspelt fyrste sett, snudde Magnificent kampen og vann to strake sett. Vandrepokalen gjekk difor til laget som bestod av følgjande spelarar:
Lene Flesjå
Ingvild Midtbø
Simon Idsøe
Berner Meling
Kristian Sandanger Iversen
Bronsefinalen vart vunnen av Østhusane.
Det var eit flott arrangement med mykje folk! Ein fin avslutning på eit flott sportsleg år for Fogn Idrettslag.
Under kan du sjå bilete: