Engasjerande om vegnamn!
/Omlag 50 Fognbuar møtte opp på Oppvekstsenteret då Grendalaget kalla inn til folkemøte om nye vegnamn, onsdag 16. januar. Grendalagsleiar Ole Klingsheim leia møtet, der Øystein Sandanger presenterte forslaget frå vegnamnnemnda i Finnøy Kommune, som han sjølv er med i. Sjå forslaget nedst i denne saka. Etter ein kort presentasjon frå Øystein, var det tid for spørsmål og innlegg frå salen, som skulle nyttast som grunnlag for høyringssvaret som Grendalaget skal koma med til Finnøy Kommune.
Eit stort spørsmål var om vegen rundt Fogn skulle delast inn i to vegnamn, eller om den berre skulle ha eit namn. Her var det eit nokså klart fleirtal for at vegen skulle ha eit namn, og at namnet “Fognavegen” då var naturleg. Det kom også inn mange forslag til namn på stikkvegane som ligg langs “Fognavegen”, og desse forslaga kjem med i høyringssvaret frå Fogn Grendalag. Vi vil leggje dette svaret ut her på Fogn.org, når det er klart.
For å sjå heile forslaget frå Finnøy Kommune, og for å få informasjon om korleis ein sender inn eige høyringssvar, klikk HER.
Det opprinnelege forslaget frå vegnamnnemnda såg slik ut: