Bli med på Tour de Fogn 2018!

Tour de Fogn - logo.jpg

Helga 22.-24. juni går sykkelrittet Tour de Fogn av stabelen for 8. gong!

Tour de Fogn er rittet for alle, anten du aldri har vore med i eit sykkelritt før, eller om du er ein erfaren syklist med konkurranseerfaring! Her er det eigen dame- og herreklasse, i tillegg til seniorklasse for dei over 60 år. Dersom nokon ynskjer å sykle med el-sykkel, er det også lov, sjølv om dei då berre konkurrerer om heider og ære:) Det er også lov å vere med og sykle, sjølv om ein ikkje kan vere med alle dagane!

Det er ikkje lov med racersykkel eller annan sykkel med bukkestyre. Hjelm er også påbudt. Det kostar 100 kr i startavgift, og ein syklar på eigen risiko.

Her er ein inspirasjonsvideo som Kristian Sandanger Iversen laga i forkant av Tour de Fogn 2017:

Rittet går over tre dagar, og fordeler seg slik:

Fredag 22. juni kl. 18.30: Prolog
Start og mål ved pakkeriet.
Alle syklar dei ca. 4 kilometerane åleine, og startar med eit minutts mellomrom.

Laurdag 23. juni kl. 14.30: Landeveisritt
Start og mål ved Fogn oppvekstsenter.
Fellesstart der ein syklar to rundar rundt Fogn.

Etter at alle er i mål, vert det eit eige barneritt for alle som vil vere med på dette!

Søndag 24. juni kl. 12.30: Klatreetappe
Start ved oppvekstsenteret, mål ved kyrkja
Fellestart der ein syklar frå oppvekstsenteret og nordover langs vegen rundt Fogn. Ved Runastad svinger syklistane til venstre og syklar over høgaste, før dei trillar ned til kyrkja, og avsluttar med ein siste runde rundt Fogn.

Påmelding skjer i skjemaet under: