Fogn slo Finnøy ut av cupen.
/ Kristian IversenDet var duka for lokaloppgjer på Fogn Stadion. Fogn IL tok i mot Finnøy IL, til 1. runde i Obos-cupen. Sidan Fogn er ein divisjon lågare enn Finnøy, fekk heimelaget ein straffe før kampstart. Denne scora Jakob Bø på.
Det var høg temperatur både på banen og i veret. Det endte i mange duellar. Heimelaget pressa på frå start, men etterkvart tok Finnøy meir og meir grep om kampen. Etter knapt 40 minutt spel, scora Ruben Eggebø for Finnøy. Eit fint skot frå omlag 30 meter. Dermed var stillinga 1-1. Dette vart også pauseresultatet.
I 2. omgang fortsette krigen om kva øy som var best med ball. Temperaturen steig blant spelarane. Laga kjempa hardt i kvar duell. Men ingen fekk ballen i mål. Etter 90min stod det framleis 1-1.
Sidan dette var cup-kamp, måtte det spelast ekstraomganger på 2x5min. Den fyrste ekstra omgangen vart mållaus. Men tre minutt ut i den 2. ekstra omgangen gjekk Finnøy opp i leiing. Jarle Sigbjørn Eike var målscorar. Dei fleste trudde med dette at Finnøy kom til å gå seirande ut av 1. rundekampen.
Når tida eigentleg var ute, fekk heimelaget eit frispark på midtbanen. Alle mann var i angrep for Fogn, inkludert keeper Trond Egil Sivertsen. Med marginene på rett side, scora Ørjan Bø Måkestad 2-2 målet. Jubelen var stor, heimepublikummet var i ekstase. No stod altså straffekonkurransen for tur. Fogn bomma på fyrste straffe, resten fulgte opp med scoringar. Trond Egil måtte redde Finnøys siste straffe, ellers var dei ute av cupen. Det gjorde han. Då måtte kvart lag ta ein og ein straffe, heilt til nokon bomma. Fogn scora på sin, medan Trond Egil redda Finnøy sitt. Fogn hadde dermed slått Finnøy ut av cupen.
Under kan du sjå bilete: