Festdag for dei yngste på oppvekstsenteret!
/Barnehagen og elevane i 1.-4. klasse på Fogn oppvekstsenter fekk ein heidundrande avslutning på veka, då det vart arrangert karneval på fredag 9. februar.
Samlingsstund, leik i gymsalen, ballongar, discolys, pølser, is, pinata og godteri var blant det som sto på menyen, og borna såg ut til å kosa seg heilt maks! Fleire gonger kom dei eldre elevane frå 5.-7. klasse inn i gymsalen for å sjå på alt det kjekke som dei yngste fekk vere med på, og akkurat i dag skulle nok dei eldste vore nokre år yngre, for det var mange lengtande blikk å sjå...
I år har det vore tre "barnemøter" i forkant av karnevalet, der barnehageborna har kome med ulike ynskje både knytta til program og mat for dagen. Dei ser altså ut til å ha gjort ein god jobb i planleggingsarbeidet!
Under kan de sjå fleire bilete frå den storslåtte festen!