Fibermøte i Stavanger 28. februar

Fibersak.jpg

Som vi har skrive om tidlegare, så vert det no tilbod om Lyse fiber til hytter og hus på Fogn. I førre veke var det eit informasjonsmøte med Lyse på Fogn, der det også var mogleg å signera kontraktar. 

No er eit liknande møte, spesielt med tanke på dei som har hytte på Fogn, planlagt til å vere:

Onsdag 28. februar kl. 18.00 på Mariero, Breiflåtveien 18.

Det er ein fordel dersom dei som kjem, har oversikt over kva som er gards- og bruksnummer for sine hytter. 

Informasjonsmøtet vert, som på Fogn, avslutta med kontraktskriving.