Stort engasjement rundt fiber!

Fiber - 2.jpg

Tysdag 6. februar arrangerte Lyse informasjons/salsmøte om fiberutbygginga på Fogn. Det måtte hentast fram ekstra stolar i foajeen på Fogn oppvekstsenter, då over 80 personar møtte opp for å få med seg informasjon om korleis det går med prosjektet, og for å skriva kontraktar med Lyse. 

Representantane frå Lyse brukte første del av møtet på å fortelje om dei ulike pakkane folk kan bestilla, både knytta til fiberbreiband, TV-løysing og telefoni. Etterkvart vart det meir informasjon om den praktiske utbygginga, og kor Lyse vil setta opp sentralar som folk må knytta seg opp til. Sentralane er forsøkt plassert på ein slik måte at flest mogleg får kortast mogleg veg å grava sjølv. Det vart også understreka at dess fleire som bestilte fiber, dess meir kunne Lyse bygga ut hovudtrasèen for fiberen. Hovudtrasèen skal vere ferdig i løpet av mai månad, men det er ikkje utenkeleg at dei første tilkoblingane skjer i løpet av april.

Mot slutten av møtet gjekk folk saman i grupper og såg på printa versjonar av kart frå si grend. Det vart peika, forklart og planlagt, og mange fann løysingar som gjekk ut på å samarbeida om gravinga, slik at dette gjerne blir både billigare og betre.

Heilt til slutt var det tid for kontraktsskriving, og køane var tidvis lange rundt representantane frå Lyse. Dei aller fleste såg ut til å villa ha fiber, men det varierte litt kva for pakkar dei gjekk for, og om dei gjekk for ei kombinert TV/internett løysing, eller berre internett. 

For dei som ikkje var på møtet, men som har eigedom på Fogn som dei vil bestilla fiber til, så finnest det to moglegheiter. Den første er å sende ein mail til privatfiber@lyse.no, der du oppgir namn, nummer og kva det gjeld (ynskje om fibertilknytning på Fogn), så vert du kontakta av Lyse. Den andre moglegheiten er å stilla på informasjons/salsmøtet som Lyse skal ha på Mariero ein gong etter vinterferien. Meir info om dette møtet kjem etterkvart.

Under er nokre fleire bilete frå kvelden: