Godt oppmøte på årsmøte

DSC_0285.JPG

21. januar var det årsmøte i Fogn Helselag. Fogn Helselag skapar eit godt miljø på Fogn, og gjer ein god jobb for dei som bur her, både born og eldre.

Oddbjørg Måland presenterte årsrapporten. Gunhild Grønås presenterte rekneskapet. Deretter overtok Eivind Vestbø. Han snakka om kvifor folk får angst, korleis ein kan overvinne angsten. Han var ikkje for å løyse angstproblemer ved bruk av medikament.

Vinnarar frå turbøkene vart; Lars Selvåg, Bjørg o Larsen og Monika Steinsland

Helselaget hadde diska opp med mange gode salater, i tillegg til kake. Tilslutt var det loddsal og basar. 

 

Under kan du sjå bilete: