Kom med innspel om ferjeruter!

Ferje.jpg

Som eindel kanskje har fått med seg, vert det for tida arbeida med korleis ferjerutene skal sjå ut frå og med 1. januar 2020. Samferdselssjefen i fylket har no sendt ut to alternative forslag til høyring. Både forslaga og følgeskriv kan sjåast ved å klikka HER.

I og med at desse ruteforslaga er på høyring, ynskjer fylkeskommunen no innspel frå ulike instansar, mellom anna Fogn grendalag. Høyringsfristen er 28. mars, men så tidleg som 7. mars skal Finnøy kommune ha eit møte med fylket, der spørsmål og innspel kan takast opp.

Fogn grendalag ynskjer å ha nokre innspel som kommunen kan ta med i møtet med fylket, og grendalaget skal difor ha styremøte no på torsdag, 1. mars. Dersom nokon har innspel til grendalaget i denne samanheng, kan desse spelast inn til anten Kristoffer Østhus (mob 970 90 902 og mail kristoffer@osthus.as) eller Arnstein Bøe (mob 454 76 251 og mail lianedata@gmail.com).