Ordføraren kjem på besøk, fredag 14. juli
/Ordførar Henrik Halleland har bestemt seg for å besøke dei ulike øyene i kommunen i sommar, rett og slett for å slå av ein prat med dei som ynskjer å snakke med han. Har du ei sak du ynskjer å lufte for ordføraren, eller vil du berre nytte høvet til å veksle nokre ord med den øvste leiaren i kommunen, så kan du gjere det på Joker Fogn, fredag 14. juli, frå klokka 13.00.
Velkommen!