Sterkt poeng i Sigves rekordkamp!

Fogn - Voll 2: 1-1 (1-1). Topplaget Voll 2 hadde vunne alle sine ni kampar i 7. divisjon i år, men den rekka tok slutt då dei laurdag møtte eit hardtkjempande heimelag frå Fogn!

Denne laurdagskampen, som vart spelt i strålande sommarvèr i andre halvdel av september, var Sigve Bø sin 330. seriekamp for Fogn. Dermed er han åleine på toppen av Fogn IL sin adelskalender, etter at han tangerte Berge Sandanger sin rekord i førre kamp mot Hognestad. Men Sigve har på ingen måte hatt dei same medspelerane i alle kampane han har utkjempa, og i bataljen mot Voll 2, måtte Fogn grava uvanleg djupt for å få tak i dei 13 spelarane som til slutt utgjorde kamptroppen. Det er nemleg nokså lenge siden Jon Østhus, Jon Håkon Østhus, Tobias Sunde og Gordon Sunde har ikledd seg den blå drakta, og spelt kamp for Fogn, men slik vart det altså denne gongen!

Voll 2 kom som nemnd til denne kampen med ni strake sigrar i 7. divisjon. Det kan vere dei tok litt for lett på motstandaren, for dei stilte nok med eit meir ungt og urutinert mannskap enn vanleg. Mannskapet verka også til å vera uvanleg rause, for då Fogn mangla ein mann då kampen skulle blåsast i gang, tilbaud Voll 2 seg å gi frå seg ein av sine reservar, for at det skulle verte 11 mot 11. Heldigvis kom Andreas Hagenes Bøe seg ut av garderoben tidsnok til å forhindra dette trekket frå Voll 2 si side, og kampen kunne starte opp. 

Det verka tidleg klart at det var Voll 2 som kom til å ha initiativet og banespelet i denne kampen, men Fogn var også farlege, særleg på kontringar, då bortelaget sto generelt høgt oppe på banen med sin forsvarsfirer. Og det var nettopp dette bakrommet som skulle føre til kampens første mål, etter drøyt 10 minutters spel. Jakob Bø såg Håvard Østhus på løp framover, og la ein pasning over forsvaret. Keeper kom ut, men virka til å feilberekna akkurat nok til at Håvard fekk heada ballen forbi sisteskansen, og krangle ballen vidare inn i det tomme buret i duell med ein midtstoppar, 1-0! 

Det tok ikkje lang tid før Voll 2 svara på Fogn si nokså tidlege skåring. Eit hjørnespark frå venstre vart slått inn i feltet, der ein markeringsfeil gjorde at ein av bortelagets spelarar fekk altfor gode arbeidsvilkår då han stanga inn utlikninga, 1-1.

Resten av første omgang gjekk utan dei heilt store sjansane, sjølv om det nok var Voll 2 som var det farligaste laget. Etter pause kom sjansane tettare og tettare, og vart større og større, særleg for bortelaget. Heldigvis for dei blåkledde, og for dei mange som hadde møtt opp på sidelinja, hadde keeper Trond Egil Sivertsen ein knalldag i mål! Han redda det som kom av skudd, både høgt og lågt, og dei gongene Trond Egil ikkje redda, traff ballen anten tverrliggar, eller suste like til side for mål. Fogn hadde også sine moglegheiter i andre omgang, men dersom heimelaget hadde stukke av med alle poenga, ville det kunna karakteriserast som eit nokså stort ran. Men 1-1 og poengdeling vart det, noko som gjorde slutt på Voll 2 si sterke sigersrekke!

Fogn ligg no på ein fjerdeplass på tabellen, berre eit poeng bak Sviland på tredje. Og nettopp Sviland er motstandar i sesongens siste bortekamp, onsdag 21. september. Deretter venter Riska 4 til den siste heimekampen laurdag 24. september klokka 14.00.

Kampfakta

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Andreas Hagenes Bøe
Ivar Opsal
Sigve Bøe
Martin Østhus
Ørjan Klev Ladstein
Håvard Østhus
Jakob Bø
Jon Håkon Østhus
Malvin Skartveit
Jon B Østhus

Benytta reservar:
Tobias Sunde
Gordon Sunde

Mål: Håvard

Assist: Jakob

Gule kort: Håvard og Jakob