Informasjon om "Bedehusløftet"
/Som mange heilt sikkert har fått med seg, så skjer det for tida ei nokså omfattande "ansiktsløfting" på Fogn bedehus. Leiaren av byggekomiteen, Joar Sandanger, har sendt inn både bilete og tekst til Fogn.org, slik at lesarane kan få vita litt meir om det som skjer.
------------------------------------
Vedlikehald med ansiktsløft på Bedehuset
Før ferien starta arbeidet med utskifting av kledning, takrenner og vindskier på heile bedehuset. No etter ferien, så ser ein den store endringa, med at det gamle flate taket over inngangspartiet nå er møna opp, og vil gi eit skikkeleg fint ansiktsløft mot "sentrum", og ein arealutvidelse med dette fine rommet på snaut 30 kvadratmeter.
Ombygginga er teikna av Gordon Sunde, og arbeidet er utført av Miljøbygg AS. Det er bedehusforeningen på Fogn som er ansvarlig oppdragsgjevar og dugnadsarbeidet vert organisert av Aud Aano. Alle som ynskjer å bidra anten med dugnadsarbeid eller midler til finansiering er sjølvsagt hjarteleg velkomne til dette! Ta i så fall kontakt med Aud Aano på 93263756 eller Joar Sandanger på 92047436.
Under er nokre bilete som syner prosjektet frå ulike vinklar, i tillegg til eit bilete av sperra som vert heist på plass, og eit glimt frå "sperrekakefesten".