Strålande bryggefest i Sæbøvåg!

Fredag 19. august inviterte Sæbøvåg båtforening sine medlemmer og leigetakarar med familie og vener til bryggefest for heile familien! Omlag 50 personar møtte opp, og fekk nyta den flotte sommarkvelden i båthavna, som no framstår som veldig fin, etter utbetring av skadane som har skjedd på moloen.

Båtforeningen sjølv omtalte programmet som "ikkje halsbrekkande", men her var det i alle fall mykje som skjedde! Det heile starta med grilling, før Gisle Torgersen fekk overrakt ei gåve frå båtforeningen v/ Joar Sandanger, etter at Gisle har gjort ein kjempejobb som leiar dei siste åra. Deretter var det tid for fiskekonkurranse for borna med premiering til den som fekk den minste fisken, og den som fekk flest fisk. I sistnemnde kategori måtte det "omfisking" til for å kåra ein vinnar, så det var ikkje noko å seia på innsatsen! Etterkvart vart det også quiz og pilkastkonkurranse, noko som verka til å vera til glede for både store og små! 

Gjennom heile kvelden vart drøs, grilling og konkurransar gjennomført med den fine bakgrunnslyden av born som bada i Sæbøvågen, noko som var med og gjorde dette til ein nærmast perfekt seinsommarkveld!

Fleire bilete frå bryggefesten ser de under: