Omlag 60 personar påmeldt, hugs flagget!
/Påmeldingane til visningsdagen laurdag 27. august strøymer på, og no er vi oppe i omlag 60 påmeldte personar! Vi vil gjere alt vi kan for at desse skal få ein flott dag, mellom anna ved at vi som bur eller har hytte her heiser flagget denne dagen! Men det er ikkje berre dei som kjem på besøk som skal få ein god dag, også vi som alt er her har mykje å sjå fram til! Vi oppfordrar alle til å ta turen på butikken og til oppvekstsenteret ein (eller fleire) gonger mellom klokka 11.45 og 15.00. Då kjem det til å vere ein god del folk på desse plassane, mellom anna grunna gratis saft, kaffi og lappar på butikken. Klokka 15.00-17.00 er det matfest i Eidsvåg, og her er ALLE VELKOMNE! Det er eit enkelt program i Eidsvåg, i tillegg til god mat til alle som møter opp!
Vèrmeldingane ser også gode ut for laurdagen, så no er det berre å gle seg!