Første skuledag på Fogn oppvekstsenter!
/Torsdag 18. august var det tid for skulestart på Fogn oppvekstsenter dette skuleåret. I år er det 37 elevar på skulen, der heile 21 av elevane går i 4. og 5. klasse. Det er 3 elevar som startar opp i årets 1. klasse.
Mellom anna takka vere ei sol som etterkvart varma godt, vart det ein flott første skuledag med mykje god aktivitet både innandørs og utandørs! Sjå fleire bilete på nettsida til Fogn oppvekstsenter ved å klikke HER!
Årets førsteklassingar, frå venstre: Jonatan, Håkon og Samuel!