Glimt frå søndagsskuleavslutninga
/Søndag 12. juni var det søndagsskuleavslutning på Selvåg, ved naustet til Helga og Ståle Østhus. Vèret er viktig slike dagar, og med lettskya, opphaldsvèr og lite vind, vart det ei flott ramme rundt det som føregjekk!
Dei borna som går frå søndagsskulen til søndagsringen (3. klassingane) og dei som gjekk ut av søndagsringen (konfirmantane) fekk ei helsing frå leiarane, i tillegg til at det var andakt, grilling og diverse aktivitetar!
Under er nokre bilete, knipsa av Jørgen Bø: