Bli med på Tour de Fogn!
/Helga 24.-26. juni går sykkelrittet Tour de Fogn av stabelen for 6. gong. Påmeldinga har vore open ei stund, men det er framleis ledige plassar! Mange av dei store sykkelritta opplever nedgong i talet på påmeldte dette året, la oss visa at dette ikkje er tilfelle for Tour de Fogn!
Så er det jo slik at El-syklar er i vinden for tida. Difor ynskjer vi å opna opp for ein eigen el-sykkelklasse i år, slik at enno fleire kan få vere med på denne folkefesten! Dersom du ynskjer å sykle på el-sykkel, kan du gjerne skrive det i kommentarfeltet når du melder deg på.
Påmelding skjer på skjema som de kjem til ved å klikka HER. Det kostar 100 kr per deltakar, kontant betaling ved oppmøte på fredagen. Under fylgjer litt informasjon om dei ulike dagane:
Etappe 1 - Prolog med individuell start
Tid: Fredag 24. juni kl. 18.30
Start og mål: Pakkerietet
Etappen går frå pakkeriet, over flata til misjonshumpen, og tilbake. Syklistane startar ein og ein, med eit minutts mellomrom. Den som fullførar på kortast tid, vinn etappen og leiar rittet.
Etappe 2 - Landeveisritt med fellesstart og barneritt
Tid: Laurdag 25. juni kl. 14.30
Start og mål: Fogn oppvekstsenter
Etappen går to rundar rundt Fogn, og feltet køyrer i retning Varland. Alle startar samla, og den som kjem først i mål (Fogn oppvekstsenter) etter to rundar, har vunne etappen. Den som samla sett har best tid etter dei to første etappane, leiar rittet.
Når alle har kome i mål, er det tid for barneritt. Då kan barn i alle aldrar koma med sykkelen sin, og sykla ulike løyper, alt etter kor gamle dei er.
Etappe 3 - Klatreetappe med fellesstart
Tid: Søndag 26. juni kl. 12.30
Start og mål: Fogn oppvekstsenter (start), Kyrkja (mål)
Denne avsluttande etappen er lagt litt om i år. Syklistane startar på Fogn oppvekstsenter, og syklar i retning Varland. Deretter går turen via Sæbøkrossen til Sørvåg og Runastad, før dei svingar av og syklar opp bakken til Høgaste. Frå Høgaste går turen forbi kyrkja, før dei syklar ein heil runde rundt Fogn, og har målgang når ved kyrkja. Denne omlegginga gjer at syklistane passerer kyrkja tre gonger (publikumsvennleg), og dei må sykle heile bakken frå Sørvåg-Høgaste, noko som gjer at etappen lever opp til namnet "Klatreetappe".
Den som samla sett har best tid etter tre etappar, vinn rittet!
I og med at Tour de Fogn no har vore arrangert i fleire år, kan ein byrja å føra litt statistikk over løype- og personlege rekordar. Dyrlege og fast tidtakar Dag Aasland har laga ein slik oversikt der ein kan sjå ulike rekordar, og kva for eit år dei er sette. Og berre slik at folk er infomert, bokstavane "do" i reknearket til Dag, tyder "den over". Klikk HER for å sjå den fullstendige oversikta.
Kristian Iversen har laga ein Tour de Fogn film med høg "frysningar på ryggen-faktor". Er du i tvil om du skal melde deg på eller ikkje, sjå filmen under! Og dersom du ikkje er i tvil, så sjå filmen likevel, den er veldig god!