Påmeldinga til Tour de Fogn 2016 er no open!
/Helga 24.-26. juni 2016, er det igjen klart for tredagarsrittet Tour de Fogn! Dette er den sjette "touren" i rekka, og deltakarane kan som vanleg sjå fram til prolog på fredagen, to rundar rundt øya på laurdagen, og ein klatreetappe på søndagen. Meir detaljert informasjon om etappane kjem etterkvart, for leiinga i Fogn IL vurderer ei endring av den siste, og avsluttande etappen. Som sagt, meir informasjon kjem når det nærmar seg.
Påmeldinga til Tour de Fogn er no open, og alle som vil vera med, kan melda seg på i skjemaet under. Som vanleg er det viktig å understreka at Tour de Fogn er for alle (frå 16 år og oppover) som kan sykla, anten dei trener mykje, lite, eller ingenting!