Rapport frå årsmøte i Fogn grendalag

Onsdag 6. april var det årsmøte i Fogn grendalag på oppvekstsenteret. Omlag 25 personar hadde møtt opp, mellom anna for å høyre kåseri av Frank Pedersen frå "Gledesfabrikken Pedersen". Pedersen, som ser på seg sjølv som ein slags julenisse, fortalte om livet sitt, og om korleis dei ulike vala han hadde gjort undervegs hadde ført han fram til dit han er i dag. Og Pedersen fortalte, med ein god dose humor og glimt i auga, at han ikkje var i mål enno, men at kanskje nettopp vegen var sjølve målet for han.

Sjølve årsmøtedelen var nokså raskt unnagjort. Kristoffer Østhus la fram årsmeldinga for grendalaget, medan rekneskapen vart presentert av Merete M Kindingstad. Begge vart godkjente utan kommentarar. 

I år var første gong den nye ordninga med valnemnd var i funksjon på årsmøtet, og det kunne virka som om valnemnda hadde gjort jobben sin. Deira innstilling gjekk i alle fall igjennom på alle punkter, og styret for det komande året ser difor slik ut:

Kristoffer Østhus (leiar, valt på årsmøtet, 1 år att)
Merete Meling Kindingstad (1 år att)
Harald Bøe (1 år att)
Kathrine Flesjå (1 år att)
Joar Sandanger (valt på årsmøtet, 2 år att)
Arnstein Bøe (valt på årsmøtet, 2 år att)
Håvard Østhus (valt på årsmøtet, 2 år att)
Arne Straumstein (varamedlem, 1 år att)
Ingeborg Bøe Rolfsen (valt på årsmøtet, 2 år att)

Det vart stilt spørsmål ved den spesielle varamannsordninga i grendalaget, der varamedlemmene blir valt for to år om gongen. Leiar noterte seg dette, og vil ta det opp i styret, for så å evt. koma tilbake med eit vedtektsendringsforslag til neste årsmøte. 

Valnemnda ser slik ut for det neste året:

Oddny Kjølvik (1 år att)
Jakob Bø (2 år att)
Øyvind Sandanger (valt av årsmøtet, 3 år att)

Ottar Sandanger vart valt til revisor.

Etter ein liten basardel vart møtet offisielt heva. Men i og med at klokka berre var omlag 20.45,  vart folk sittande att og drøsa. No byrja verkeleg samtalane å gå om Øyfast, kommunestruktur og ferjeruter. Jon Olav Runestad, som var forhindra frå å koma på sjølve årsmøtet, møtte også opp etterkvart, og kunne fortelje litt frå eit møte han denne dagen hadde hatt med samferdselssjef Gottfried Heinzerling. Eit signal derfra var at ferjerutene, som etter planen skal endrast frå mai i år, ser ut til å verta omlag slik som det forslaget fylket sendte ut på høyring mot slutten av 2015. Dette forslaget kan de sjå ved å klikka HER.