Ny fartsgrense i "sentrum"
/Det er kanskje litt drøyt å omtale det som "sentrum", men i og med at øyas einaste butikk, skule, barnehage, leilighetskompleks, bedehus, eldresenter, idrettsanlegg og største byggefelt er å finna på den aktuelle strekningen, kan uttrykket "sentrum" til ei viss grad forsvarast. Uansett, det er altså på fylkesvegen langs denne delen av Fogn det har kome ny, nedsett fartsgrense. Frå og med 1. mars 2016 vart det som dei siste åra har vore ei 50-sone, endra til å vere ei 30-sone.
Bakgrunnen for endringa, var at Samarbeidsutvalet (SU) ved Fogn oppvekstsenter hausten 2015 henvendte seg til Statens Vegvesen og uttrykte bekymring for bilar som køyrer fort på vegen forbi oppvekstsenteret, der elevar gjerne går til og frå skulen, og borna i barnehagen ofte går tur. Vegvesenet støtta oppvekstsenteret i bekymringa, og sendte eit forslag om redusert fartsgrense ut på høyring. Enden på det heile fekk vi sjå med eigne auge tysdag 1. mars, då dei gamle 50-skilta vart erstatta med nye 30-skilt.
Så er det sikkert dei som kjenner seg litt irriterte over å måtta køyra såpass seint gjennom heile den gamle 50-sona. Til desse kan vi informera om at forskjellen på å køyre i 50 km/t og 30 km/t på den aktuelle strekningen utgjer 29 sekunder, altså ikkje veldig lang tid, når alt kjem til alt...