Masse folk og god mat på kafèen!
/Ikkje lenge etter at dørene opna for helselaget sin årlege søndagskafè på Fogn oppvekstsenter, så var bestillings- og betalingskøen lang! Men både køen og ventetida på maten gjekk fort, takka være flinke folk i helselaget! På menyen sto kjøttkaker, svinesteik og pølser, i tillegg til eit flott dessertbord, der servitørane fylte på med nye skåler heilt til kafèen stengte klokka 15.00. Då hadde dørene vore opne sidan 13.00, og godt over 100 personar hadde blitt mette og meir til!
Under er nokre bilete frå det flotte arrangementet!