Bidraga tikkar inn!
/Grendalaget har, som vi tidlegare skreiv om, annonsert ein konkurranse der vi vil kåra årets beste vinterbilete frå Fogn! Fristen for innsending av bilete er 1. mars, men vi har alt fått mange fine bidrag! Desse ser du i serien under. Men det er framleis plass til mange fleire bilete! Har du knipsa eit du er godt nøgd med, eller kanskje du fangar eit flott motiv i løpet av februar månad? Send det i så fall inn til fogngrendalag@gmail.com, merk mailen med "Vinterbilete" og skriv kven som har teke bilete, i tillegg til kvar biletet er knipsa.