Kjempekjekk juleverkstad!

Torsdag 8. og fredag 9. desember gjekk årets juleverkstad av stabelen på Fogn oppvekstsenter. Dette er eit av dei absolutte høgdepunkta gjennom året for mange blant både born og vaksne, noko det også vart i år!

Som vanleg skulle elevane innom fire varierte stasjonar i løpet av dei to dagane verkstaden varte. Det var baking på kjøkkenet, produksjon av treleike på formingsrommet, på 5.-7. klasserommet fekk dei laga eit trespel av drivved, medan det på 3.-4. klasserommet skulle produserast ein figur som skulle førestilla Maria, Josef og Jesusbarnet. Alle viste god innsats og resultata vart flotte! Nokon vart fort ferdige, og då var det lov å halda på med alternative aktivitetar som t.d. stikkball i gymsalen eller sjakk på SFO-rommet.

På fredagen var også barnehagen involvert i juleverkstaden. Først kom dei gåande utkledde som Santa Lucia, song for alle elevane, og delte ut lussekattar. Deretter spiste heile oppvekstsenteret julegraut saman i foajeen. To mandler var gøymt i grauten, og det var Elin og James som fann dei dette året!

Tusen takk for ein flott juleverkstad til både born og tilsette! Ein ekstra stor takk til føresette som har vore med og bidrege med kakedeigar, julegraut og dugnadsinnsats gjennom juleverkstaden!

Nedst i saka er fleire bilete frå dei to dagane.

Tekst: Håvard Østhus, rektor Fogn oppvekstsenter