Flott feiring av kyrkja vår!
/I og med at kyrkja på Fogn vart innvia hausten 1991, var det i helga tid for å feire 25-åringen, noko som vart gjort til gagns!
Laurdag kveld hadde sjølvaste Rune Larsen konsert med tittelen "Frå rockens konge til Kongenes konge". Larsen baud, saman med to musikarar, på både kjende og kjære songar, men også nokre nyare låter. Alt verka til å falla i smak hjå dei omlag 130 frammøtte, som i tillegg til konsert fekk med seg ein imponerande kveldsmat "med noko attåt" i kyrkjekjellaren til langt ut på kvelden!
På søndag var det tid for gudsteneste, der ikkje mindre enn fire noverande og tidlegare prestar i Talgje sokn deltok. Både Anders Kvalevåg, Terje Engstrøm, Gunnar Frøyland og Erik Rørtveit hadde tatt turen til kyrkja, saman med omlag 150 andre. Under sjølve gudstenesta var det song av både barnekoret TøfFOGNådig, og Fognakoret, i tillegg til at "bursdagsfesten" vart markert med ballongar under preika til Gunnar Frøyland!
Også på søndagen gjekk turen ned i kyrkjekjellaren etter samlinga oppe. Her vart det servert lapskaus, kaffi, kaker og dessertar, medan mange var framme ved mikrofonen for å koma med helsingar til "jubilanten"! Under kan de sjå bilete frå både konserten på laurdag og samlinga på søndagen: