Solidaritetsaksjon på torsdag
/På torsdag 27. oktober klokka 16.30-18.30, går den årlege solidaritetsaksjonen av stabelen på Fogn oppvekstsenter. Her kan alle som vil koma og få kjøpt seg middag (mexicansk tomatsuppe med diverse tilbehør), kaker, kaffi, popcorn og saft! I tillegg vert det ulike aktiviteter i gymsalen, og ein her vert det også sal av diverse.
Også i år vert det loppemarknad, der folk kan kjøpa gamle ting for ein billig penge! Dersom nokon har lopper dei vil bli kvitt, kan dei senda dette med elevar, eller levera det på skulen innan onsdag 26. oktober. Har nokon behov for henting av lopper, så kan dei kontakta Sebastian Torgersen på 95 81 00 03.
Det vert også loddsal med utlodning mot slutten av aksjonen. Alle inntektene frå årets aksjon går til borna i Laos, slik at fleire av dei kan få gå på skule.
ALLE er hjarteleg velkomne!