Perfekt skøytedag på Torvmyrå!

Fredag 8. januar gjekk elevar og tilsette frå skulen på Fogn til Torvmyrå for å bruka skuledagen på isen der. Sjølv om gruppa på nærmare 50 personar var der i fleire timar, var det ingen som spurte om å få gå heim, for her var det knallkjekt å vere! Skøyter, grilling, bruskassar, samspel og leik var viktige stikkord for denne dagen, der sola også viste seg etterkvart! Elevane viste seg som imponerande gode på skøyter, og då runden rundt Torvmyrå vart målt til å vere 130 meter lang, var det ikkje lenge før tre elevar noterte seg for kvar sin 10 000 meter på skøyter! Imponerande av Josef Bø og brørne Filip og Kristian Iversen!

Sjå kjekke bilete frå den flotte dagen i serien under!