Grendalaget vil premiera årets vinterbilete!
/Snøen er i ferd med å smelta vekk for denne gong, etter eit par veker med kaldt vèr, skøyteis og etterkvart nok snø til å både gå langrenn og renna på akebrett. Når det i tillegg har vore sol frå skyfri himmel fleire dagar, så vert det knipsa mange fine bilete i slike periodar.
Grendalaget vil ha ein konkurranse der Fogn.org sine lesarar skal stemma fram årets vinterbilete frå Fogn. Fotografen som vinn kåringa, vil få overrekt ein kopi av vinnarbiletet forstørra på ei aluminiumsplate under årsmøte i grendalaget i april.
Fram til og med 1. mars kan ein senda inn bidrag til konkurransen. Dersom det er veldig mange bidrag, vil ein jury nedsett av grendalagsstyret plukka ut dei kandidatane som er med i "finalen", og vert presentert på Fogn.org, der ein kan stemma på sin favoritt.
Ein kan delta ved å senda bilete til fogngrendalag@gmail.com, og merke e-posten med "Vinterbilete". Hugs å skrive kven som har knipsa biletet og kvar det er teke.
Så no er det berre å bla i bileta frå dei siste vekene, eller håpe på ein ny kuldeperiode før fristen 1. mars. Eller kanskje eit typisk vinterbilete frå Fogn ikkje nødvendigvis må ha snø eller is på seg? Her er det berre å finna fram kreativiteten og bli med i konkurransen!