Kjempestemning på snøfestivalen!

Mallin og Mathilde yrer av glede i det dei renn saman nedover bakken!

Mallin og Mathilde yrer av glede i det dei renn saman nedover bakken!

Søndag 17. januar inviterte Fogn IL, Fogn Helselag og Fogn Handel A/S til snøfestival i Opsalbakkane. Og Fognbuen trassa dei 10 kuldegradene og skuggen som var i bakkane, då dei møtte opp i hopetal! Ingen var ansvarlege for å telja, men det må ha vore minst 100 personar innom i løpet av dei drøyt to timane festivalen varte! 

Dei aller fleste var opp og ned bakken fleire gonger, medan somme helst ville bruke tida rundt bålpanna som var fyrt opp i toppen av bakken. Fogn Handel stilte med kakemenner og kanelsnurrar, og hadde i tillegg ein populær konkurranse i ei løype i bakken. Her handla det om å renne ned til butikksjef Ivar Opsal, som sto med eit ringspel. Deretter måtte ein treffa med minst ein ring, før ein fekk lov å renna vidare, under eit sperreband og vidare inn mellom målsegla som var sett opp i botnen av bakken. 

Kristian Sandanger Iversen vann konkurransen for borna, medan mora hans, Mallin, gjekk av med sigeren i klassen ungdom/vaksne. I konkurransen om å ha den mest kreative måten å koma seg gjennom løypa på, vann Janne og Jakob Bø som segla av stad i ein liten plastbåt, ikledd redningsvestar som ikkje akkurat var i rett størrelse...

Heilt til slutt gjennomførte karane i Fogn Handel A/S ein liten internkonkurranse. Det var ikkje så mange som fekk med seg kven som vann denne, då kostymet til Pål Rune Grønås tok det meste av merksemda til tilskodarane...

Så får vi håpe at komande vintrar også byr på gode forhold og fleire snøfestivalar! 

Sjå fleire bilete i serien under: