Så var det på an igjen!

Ein glad gjeng på felles jente- og guttelag, 12. januar 2015.

Ein glad gjeng på felles jente- og guttelag, 12. januar 2015.

Vi er godt inne i september månad, og dei aller fleste av dei "faste" aktivitetane på Fogn har, eller er i ferd med, å starta opp att etter sommaren. Her er det mykje å vera med på, anten ein er ung eller gammal!

På måndagane er det treff på Eldresenteret for dei over 60 år, frå klokka 10.00-14.00. Det er ulikt program kvar gong, men felles for alle samlingane er at det er middag!

Annakvar måndag øver barnekoret "TøfFOGNådig" i kyrkja frå klokka 17.30-18.45. Koret er for alle frå 1. klasse og oppover. Dei måndagane det ikkje er kor, er det både jente- og gutelag for alle frå 2. klasse og oppover, og "Hobby og tru" for dei som er frå 1. klasse og nedover. Gutelaget har base på bedehuset, jentelaget heime hjå leiarane, medan "Hobby og tru" held til i kyrkjekjellaren. Alle samlingane startar klokka 17.30, og varar til om lag 18.45.

Kyrkjekoret, best kjent som "Fognakoret", øver på onsdagar frå klokka 19.00-20.30. Dei har første øving onsdag 16. september, og skal ha øving seks onsdagar i haust. Oversikt vert utdelt på øving, og kjem i kalenderen på Fogn.org.

Som vi har skrive om tidlegare i år, vert det denne hausten arrangert Alfakurs i kyrkja. Kurset, som går ut på å utforska kristendommen i ein avslappa atmosfære med kveldsmat, undervisning og samtale, startar opp torsdag 17. september, og vil gå over 10 torsdagar i haust. Samlingane varer frå klokka 19.00-21.00, og ein kan melde seg på til Kjersti Sandanger med ein sms til 928 63 130.

På fredagar er det friidrettstrening frå klokka 17.30-18.30. Fram til Fognameisterskapet (13. sept) har denne treninga vore for alle opp til 7. klasse, men etter meisterskapet er treninga retta mot 5.-7. klassingane.

Annakvar laurdag arrangerer Fogn kr. ungdomslag samlingar frå klokka 21.00 til midnatt. Samlingane er stort sett på skulen, om ikkje anna kjem fram i kalenderen her på Fogn.org eller på Facebooksida til ungdomslaget. Ein typisk kveld består av andakt, kiosksal, drøs, spel og andre aktiviteter.

Elles er det samling i kyrkje og bedehus kvar søndag. Gudstenestane startar så godt som alltid klokka 10.30 i kyrkja, medan søndagsmøta (som er dei søndagane det ikkje er Gudsteneste) startar klokka 11.00. Dei søndagane det er møte på bedehuset, er det som hovudregel også søndagsskule og søndagsring for born frå og med 3 år og oppover. Søndagsskulen startar opp med frukost på bedehuset søndag 20. september klokka 10.00.

Elles er det jo mykje som skjer innan fotball, zumba og andre aktivitetar her på øya! Føl med på kalenderen på Fogn.org, så er det alltid noko å finna på!