Fogn gjekk på Finnøysmell
/Fogn - Finnøy: 1-5 (0-3). Det byrjar å verte mange år sidan Finnøy slo Fogn i A-lagsfotball på Fogn stadion. På sundag gjorde dei det til gagns, sjølv om resultatet ikkje gir eit heilt korrekt bilete av kampen.
Det var ei flott ramme rundt lokalderbyet denne seinsommarsundagen. Sola skein, gradestokken låg og bikka opp mot 20, det var plakatar og musikk, og mange, både Fogn- og Finnøybuar, hadde teke turen til Fogn stadion for å få sjå variable fotballprestasjonar på den ikkje altfor flotte grasmatta.
Sjølve kampen starta nokså jamnt, men ein kunne fort merke at begge lag ville vinne kvar einaste duell. Det gjekk til tider hardt for seg, men dommaren, som kom til Fogn over to timar før kampstart, verka til å ha hatt det så travelt då han forlot heimen at korta sansynlegvis vart gløymde att der. Han viste i alle fall ikkje fram hverken gult eller raudt kort i heile kampen, sjølv om anledningane nok var tilstades for å vifta i alle fall med den førstnemnde fargen.
Etter omlag 15 minutter fekk Finnøy kjempa seg fram til ein corner. Denne vart slått presist inn og heada kontant i mål inne ved høgre stolperot, 0-1.
Etter dette hadde Fogn ein god periode, og både Malvin og Ole Jakob kunne med litt tur ha sett ballen i mål då dei kom til avslutningar. Men så gjekk det som det somme gonger går når eit lag presser. Det andre laget skårer. Og det gjorde Finnøy ikkje ein, men to gonger like før pause, slik at kampen var så godt som avgjort då dommaren signaliserte for halvspelt kamp. 0-3 var på ingen måte representativt for kampen, men Finnøy var imponerande effektive, og Fogn klarte ikkje å setja sine sjansar.
Også andreomgangen vart nokså jamn, men Finnøy hadde ikkje lagt igjen effektiviteten i garderoben. Dei fekk leggja på til både 4 og 5-0, før Fogn fekk sitt trøystemål då Rasmus slo ein corner frå høgre, og "Finnøydødaren" Ole Jakob stanga ballen hardt i mål, 1-5!
1-5 vart også sluttresultatet, noko Finnøy må kunne seie seg veldig godt nøgde med. Fogn på si side kan ikkje gleda seg over anna enn at ein no ein gong for alle kan begrava myta om at Fogn er eit meir "grisespelande" lag enn Finnøy. Den nøytrale tilskodar (og dei var det få av...) kunne nemleg konstatere at både Sigve og Jakob Bø vert som snille skuleguttar å rekna samanlikna med enkelte av Finnøy sine spelarar, både når det kjem til fysiske tjuvtriks, surmuling og klaging. Dette til trass, Finnøy skapte flest sjansar og fortente alt i alt å vinne lokalderbyet. Men ikkje 5-1.
Kristian Sandanger Iversen har knipsa mange gode bilete frå kampen, dei ser du i botnen av denne saka.
KAMPFAKTA:
Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Rasmus Robson Skartveit
Ivar Opsal
Sigve Bø
Martin Østhus
Sergej Kononov
Johannes Hovda
Jakob Bø
Ole Jakob Kjølvik
Malvin Skartveit
Håvard Østhus
Benytta innbyttarar:
Kristoffer Runestad
Ørjan Klev Ladstein
Fogn sitt mål: Ole Jakob Kjølvik
Fogn sin assist: Rasmus Robson Skartveit