Har du vore på Galleri Bjørn?

I bakken mellom Sørvåg og Runastad kan dei som passerer somme gonger sjå eit skilt. Eller rettare sagt, dei kan alltid sjå eit skilt, men somme gonger er det to skilt å sjå ved innkjørsla til Bjørn Edvin Eriksen og Kirsti Esperås. På det eine skiltet, det som alltid er å sjå, står det "Galleri Bjørn", medan det på det andre skiltet står "ope". På laurdag lyste "ope" imot dei som passerte langs vegen, og Fogn.org sin utsendte medarbeidar tok difor ein tur innom galleriet. 

Kunstnaren sjølv, Bjørn, tek imot meg når eg kjem, og han kan fortelja at galleriet som oftast er ope når ekteparet er heime, men at dei ikkje alltid er skiltet "ope" heng heilt med på opningstidene... Bjørn fortel vidare at galleriet eigentleg er ein ombygd garasje for ein bil som sjeldan fekk plass i nettopp denne garasjen. Difor ville ekteparet gjere noko annleis med dette rommet, og starta "operasjon forvandling" hausten 2013. Seinsommaren 2014 var galleriet klart, med varme og teppe på golvet, nye vegger og belysning eit galleri verdig! I dag heng det 10-15 flotte målerier på veggene, mange av majestetiske fjell, men her er også andre motiv, som t.d. ei steintrapp ut, eller inn i lyset, alt etter som ein ser det. Bjørn fortel entusiastisk om dei ulike måleria, og når underteikna kjem med godord om nettopp dette "trappebiletet", er kunstnaren sjølv raskt frampå med ein kritisk bemerkning. "Ja, det er fint, men dersom det verkeleg er så lyst som det ser ut her i midten, så burde lyset spreidd seg enno meir, no kan det nesten sjå ut som om ein må bøye seg ned for å kome ut i lyset...". 

Etter kvart viser Bjørn meg inn i "det aller heilagste", nemleg verkstaden der han maler. Her inne er det minst like mange måleri som ute i galleriet, men Bjørn er mest oppteken av å snakke om det gode arbeidslyset han har fått tak i, eit industrilys frå Glamox. Og det er forståeleg at godt arbeidslys er viktig for ein kunstnar, som gjerne sit time ut og time inn og arbeider med penselen. Bjørn veit ikkje kor lang tid han bruker på dei ulike bileta, og han er heller ikkje alltid heilt sikker på når han er ferdig. I galleriet heng fleire bilete utan signatur, for han er ikkje sikker på om han er "heilt i mål" med måleria enno. 

I galleriet til Bjørn kjenner ein ikkje på eit snev av kjøpepress. Han står og fortel historia til dei ulike bileta, kva han har gjort for å få fram særpreget i motivet og fleire andre interessante aspekter ved det å måla eit motiv, framfor å "berre" fotografera det. Dette er ein mann som er lidenskapeleg oppteken av måleria sine, og det er underteikna som sjølv må spørje forsiktig om dette med sal av bilete, prisar og slikt. Bjørn fortel at han har selde nokre bilete etter å ha stilt dei ut i Bluebird kaffebar i Stavanger i fjor. Det har også hendt at besøkande i galleriet har kjøpt eit av bileta som heng der, sjølv om dette ikkje akkurat er ei kvardagsleg hending. Andre kjem gjerne med konkrete målerioppdrag, og slike tek Bjørn gjerne. Når det gjeld pris, så reknar han ikkje den ut frå kor lang tid han brukar på bileta, det har han jo ikkje heile kontrollen på. Utgangspunktet hans er ein kvadratmeterpris på omlag 10 000 kroner, så her er det mogleg å få tak i skikkeleg flott kunst utan å verte heilt blakk etterpå!

Galleri Bjørn er som nemnd ope når ekteparet er heime, så det er berre å ta turen opp grusbakken for å få seg ei flott oppleving! Under er nokre bilete frå mitt besøk hjå Galleri Bjørn.