Knepent bortetap for A-laget, storkamp til helga!
/Austrått 3 - Fogn IL: 3-2 (3-1). Fogn fekk ein sjokkstart på haustsesongen då dei slapp inn tre mål i løpet av eit kvarter borte mot Austrått 3. I ausande regnvèr reiste laget seg likevel, og var nære ved å stikka av med poeng mot motstandaren lenger oppe på tabellen.
Fogn stilte med ein nokså tynn tropp på Iglemyr Stadion. Det var rett nok tre innbyttarar, men blant dei 14 spelarane var det fleire som var halvskada og enkelte som berre kunne spele ein omgang. Austrått verka ikkje til å vere heilt på topp dei heller, for tempoet i kampen var jamnt over nokså labert. Dei første 15 minuttene av kampen var nokså jevne, men så kom det eit frykteleg kvarter for Fogn. Først var det personlege feil som gjorde at Austrått fekk både ein og to null. Deretter, då ein skulle tru at Fogn var rista skikkeleg liv i, fekk Austrått ta ein kort corner utan at ein einaste av bortelagets spelarar reagerte før det var for seint, 3-0.
Like før pause fekk Fogn, for anledningen kledd i gule overtrekksvestar, den viktige reduseringa. Midstoppar Jakob slo eit frispark frå midtbanen og inn i Austrått sin 16-meter. Der sette ein av heimelagets spelarar fram kneet sitt, og plasserte ballen med det vakkert i mål bak eigen keeper, 3-1!
I andre omgang kom regnet. I strie straumar. Og med regnet kom også mykje godt spel frå Fogn si side. Om lag tjue minutter ut i omgangen slo Håvard ein gjennombrotspasning til Sergej, som sprang frå det som var av forsvarar. Sergej fekk også med seg ballen forbi Austrått si sisteskanse, og kunne sette breisida til i tomt bur, 3-2!
Resten av kampen handla om at Fogn hadde banespelet og pressa på for utlikning, medan Austrått var farlege på kontringar. Ingen av laga makta likevel å skåra fleire mål, så sluttstillinga vart 3-2. Alt i alt eit nokså rettferdig resultat, sjølv om Fogn med litt tur kunne fått med seg både eit og tre poeng i den våte bagasjen på heimvegen.
Til helga venter storkampen Fogn - Finnøy på Fogn Stadion. Denne er flytta frå fredag til søndag klokka 16.00. Då er det berre å stille opp og heie dei mørkeblå fram til seier, etter at Finnøy vann 3-1 i motsett oppgjer tidlegare i år!
KAMPFAKTA
Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Jakob Bø
Ivar Opsal
Kristoffer Runestad
Malvin Skartveit
Johannes Hovda
Ole Jakob Kjølvik
Rasmus Robson Skartveit
Håvard Østhus
Sergej Kononov
Benytta innbyttarar:
Harald Østhus
Daniel Hagen
Rolf Østhus
Mål: Sjølvmål og Sergej
Assists: Jakob og Håvard
Gule kort: Malvin og Rolf