Arrangerer Alphakurs til hausten

I løpet av dei siste 30 åra har omlag 24 millionar menneske over heile verda delteke på Alphakurs. Til hausten vert det arrangert kurs på Fogn, og Kjersti Sandanger er ein av dei som er med i planlegginga av kurset. Vi har snakka litt med ho for å få vite litt meir om kva dette går ut på.

- Kva er eigentleg eit Alphakurs?
Alpha handlar i korte trekk om 10 kveldssamlingar der dei frammøtte får anledning til å utforske den kristne trua i eit ope og avslappa miljø. Det vert undervisning, samtalar og god kveldsmat kvar kveld!

- Kvifor er du med og arrangerer eit slikt kurs?
Eg vil at fleire skal bli kjent med Jesus, og finna ut meir om kva vi trur på. Eg trur slike kurs kan vere med og avsløra myter som ikkje stemmer. Og så trur eg at det eigentleg er mange fleire enn vi tenkjer som trur på Gud...

- Så kven er eigentleg målgruppa for kurset?
Det er for dei som vil finne ut meir om kva den kristne trua går ut på. Det kan passa både for folk som ikkje vil kalla seg kristne, og for kristne som ynskjer å friska opp basiskunnskapene sine.

- Har du litt praktisk informasjon om kurset på Fogn?
Ja, det er ansvarskomiteen i kyrkja som står som arrangør av kurset, og vi kjem til å halde til i kyrkjekjellaren. Der vil vi samlast så godt som kvar torsdag klokka 19.00 frå og med 10. september og ti veker framover. Både prestane våre og lokale krefter vil bidra med undervisning om dei ulike emna som vert tekne opp. Deltakarane får både god kveldsmat og ei lita bok, så det kostar 300 kroner å vere med på kurset. Vi ynskjer at dei som blir med melder seg på på førehand. Det kan dei gjere på sms til meg på nr. 928 63 130.

Då ynskjer vi lukke til med den vidare planlegginga og gjennomføringa av sjølve kurset!