Strålande butikkopning!

Laurdag 4. juli var det endeleg klart for den offisielle opningsfesten for den "nye" Jokerbutikken på Fogn. Med sol og gode temperaturar, vart det ei fantastisk ramme rundt det innhaldsrike programmet, og den gode maten som vart servert på festen!

Mykje folk, omlag 150-200 personar, møtte fram for å ta del i feiringa. Øyvind Sandanger var programleiar, og lånte bort mikrofonen til både Arne Torgersen frå Ryfylke Tomat, Janne Aano Bø frå grendalaget, Lars Helgeland frå Mercur-programmet, og fungerane ordførar Jon Olav Runestad. Alle desse snakka varmt om den lokale butikken, og Lars Helgeland fortalte at han hadde sett på omsetningstala dei første tre vekene, og trudde nesten at alle på Fogn burde vore overvektige... Helgeland minna vidare om at det, trass rekordstor omsetning i oppstarten, vil koma både ein haust og ein vinter der salet vil gå ned. Då er det viktig å framleis støtta opp om, og handla på butikken, for dess meir ein handler, dess betre butikk vil ein få!

Fungerande ordførar (Gro Skartveit var på ferie) Jon Olav Runestad fekk æra av å klippa snora og erklæra butikken for open. No var det strengt tatt ikkje snakk om ei snor, men heller ein tomatklase som Øyvind Sandanger og Ivar Opsal heldt mellom seg. Den vart uansett klippa i to, og applaus og antydning til jubel høyrdes frå dei mange frammøtte!

Så var det tid for mat. Kristoffer Østhus og Pål Rune Grønås hadde med seg kokken Alexander Stensnes på "grillteamet" som laga mat til alle som ville ha, og dei var det ikkje få av! Kjøtt og pølser fekk selskap av potetsalat og frisk salat frå Ryfylke Tomat på tallerkenen. I tillegg hadde Oddbjørg Måland laga chutney og bruschetta som hausta mange lovord blant gjestene! 

Då konkurransar for born i ulike aldrar vart annonsert over høgtalarannlegget, var det ein av dei frammøtte som uttala at "dette er jo nesten som 17. mai"! Og det var inga dårleg samanlikning, for her var det noko for alle. Dei minste borna fekk køyre trøtraktor, dei eldre fekk ha ein vannleik, alle kunne pusle på store puslespill, og grendalagets stilte med både "gjett prisen på godteposen" og ein quiz om Fogn. Det heile vart avslutta, i god 17. mai-stil, med utdeling av premiar, før folk etterkvart trakk heimover.

Grendalaget sine konkurransar fekk desse vinnarane:

Quiz
1. premie: Marie Sofie Østhus og Kaja Sunde
2. premie: Morten Stensland
3. premie: Rebecca Østhus Ben-Haim

Smågodtkonkurranse:
Aasta Kjenes

Like etter at butikken stengte klokka 18.00, kunne butikksjef Ivar Opsal melde om rekordomsetning på 90 000 kroner denne dagen! Han ville også takke alle som kom på festen og/eller som handla på butikken!