Klart for friluftsbasar på fredag
/Ein av dei første fredagane i juni arrangerer alltid Fogn guttelag friluftsbasar på plenen utanfor bedehuset. I år er denne basaren lagt til fredag 12. juni klokka 18.00. Lars Skjæveland frå NLM kjem og har andakt. Det vert sal av pølser, lappar, brus og kaffi, i tillegg til at det sjølvsagt vert loddsal og trekning av ulike gevinstar. To av hovudgevinstane vert demonstrert av Tom Arne og Arne på biletet til venstre, nemleg sparkesyklar i ulike storleikar.
Fogn guttelag ynskjer alle hjarteleg velkomne på basar, og minner om at det er mogleg å gjennomføre basaren innandørs dersom det vèret ikkje viser seg frå ei god side...