Butikken opnar på onsdag!
/Etter å ha vore utan butikk store deler av våren 2015, vert det endeleg råd å få handla daglegvarer på Fogn frå og med onsdag 10. juni klokka 10.00. Då opnar nemleg Fogn Handel, med kjøpmann Ivar Opsal i spissen, dørene på den nyoppussa Joker Fogn!
På måndag var det hektisk aktivitet med å få varer på plass i hyllene, og butikksjef Ivar fekk opplæring i diverse inne på kontoret sitt, før det heile brakar laus på onsdag.
Butikksjefen under opplæring på kontoret.
Ei gruppe frå Joker kom og sette ut varer.
Fogn Handel har sendt ut eit skriv der dei informerer om at det vert kake og kaffi til alle som kjem på butikken på onsdag, men at det store opningsfesten, med grilling og aktivitetar, vert først 4. juli. Meir informasjon om denne kjem når den nærmar seg.
Elles vert det moglegheit for å bestille varer for heimkøyring eller ferdig pakka til henting på butikken. For å benytte seg av dette kan ein enten ringja 51710922 / 99567320 eller senda mail til joker.fogn@joker.no.