Folkemøte om samferdsel på Finnøy
/Tysdag 19. mai klokka 18.30 vert det folkemøte om samferdsel i auditoriet på Rygjabø på Judaberg. Det er fylkessamferdselssjef Gottfried Heinzerling som kjem for å orientera om om planarbeidet kring Areal og transportplanen for Ryfylke, i tillegg til status i planarbeidet for gang og sykkelsti Judaberg - Reilstad. Heinzerling vil gjerne seie noko om korleis det går med prosjektet "Øyfast", som handlar om å binda dei aller fleste av øyane i Finnøy til fastlandet.
Alle er velkomne på møtet, som altså startar klokka 18.30.