Klart for historias femte Tour de Fogn!
/Siste helga i juni går historias femte Tour de Fogn av stabelen. Sykkelrittet har vorte meir og meir populært, og har dei siste åra inkludert eit eige opplegg for borna på laurdagen.
"Hovudrittet" består framleis av tre etappar. Det er ein prolog på ca. 4 km på fredag, to rundar rundt øya på laurdag og ein klatreetappe på søndag. Det vert også dette året gjort litt ekstra stas på den beste syklisten over 60 år, i tillegg til at vinnarane av hovudklassane (dame- og herreklassen) sjølvsagt vil verta premierte.
På laurdagen, etter at dei to rundane er gjennomførte (omlag kl. 15.30), vil det bli eit lite sykkelritt for borna. Det vil også verta eit opplegg for alle som høyrer til i klassen "Vi som kanskje skal sykle til neste år", for dei plar det vera mange av nettopp under Tour de Fogn-helga... Møt opp med sykkel, hjelm og eit smil, og sjå kva som skjer:)
Når det gjeld "hovudrittet", har vi desse reglane:
- Alle over 16 år er velkomne til å delta
- Alle skal sykla med hjelm
- Det er ikkje lov med racersykkel
- Syklinga foregår på open veg og på eigen risiko. Trafikkreglane gjeld
- Startkontingent på 100 kr vert betalt ved oppmøte på 1. etappe
Då er det berre å melde seg på, og rittgeneral Ivar Opsal understreker også i år at Tour de Fogn er for ALLE, uansett om dei har trent mykje, lite eller ingenting i forkant av rittet. Bruk påmeldingsskjemaet under, og les meir om dei ulike etappane nedst i denne saka,
Etappe 1 - Prolog med individuell start
TID: Fredag 26. juni kl. 18.30
START OG MÅL: Pakkeriet
Etappen går frå pakkeriet, over flata til misjonshumpen, og tilbake, altså ein tur på snaue fire kilometer. Det høyrest kanskje ikkje så tungt ut, men når du gir alt heile vegen, så vil det nok merkast undervegs... Syklistane startar ein og ein, med to minutters mellomrom. Den som fullfører på kortast tid, vinn etappen og leiar rittet.
Etappe 2 - Landeveisritt med fellesstart
TID: Laurdag 27. juni kl. 14.30
START OG MÅL: Skulen
Etappen går to rundar rundt Fogn, og feltet køyrer i retning Varland. Alle starter samla, og den som kjem først i mål (skulen) etter to rundar, har vunne etappen. Den som samla sett har best tid etter dei to første etappane, leiar rittet.
Etappe 3 - Klatreetappe med fellesstart
TID: Søndag 28. juni kl. 12.30
START: Skulen
MÅL: Kyrkja
Den siste etappen er kanskje den hardaste av dei alle. Starten går frå skulen, og retningen er mot Hovda. På Runastad går løypa til venstre og over Høgaste, før ferda går vidare over Varland og mot østsida av Fogn, via Sæbøkrossen. Når syklistane igjen kjem til Runastad køyrer dei no tilbake forbi skulen, via Eide. Innspurten går oppover Bøbakkane mot mål ved kyrkja på Varland.
Den som har best totaltid etter desse tre etappane, er vinnar av Tour de Fogn 2015!