17. maiprogram og informasjon
/Vi har kome fram til 17. mai-helga, og vèrmeldingane viser mindre og mindre regn for nasjonaldagsfeiringa på Fogn... Det kan likevel vère lurt å ha med ein paraply og gjerne kle seg litt ekstra godt, for det vil nok kome nokre dråpar, i tillegg til at temperaturen ikkje ser ut til å verte tosifra denne dagen. Det ein IKKJE treng å gjere, er å reise ekstra over til Finnøy for å ta ut kontanter, 17. maikomiteen melder nemleg om at dei har betalingsterminal for bankkort i år!
Elles er programmet nokså tradisjonelt, og ser slik ut:
Kl. 09.30 - Samling ved flagget på oppvekstsenteret. Messing spelar. Deretter går folketoget.
Kl. 10.30 - Samling i kyrkja. Tale ved Johannes Hovda og barnas tale ved elevar.
Toget returnerer til oppvekstsenteret når samlinga er over.
Kl. 11.30 - Matøkt. Ta med stolar og bord slik me pleier å gjera. Kiosk med bla. pølser, is og brus!
Kl. 12.30 - Leiker for små og store.
Kl. 14.30 - Premieutdeling
Kl. 19.30 - Folkefest for dei frå 8. klasse og oppover. Tom Hetland er festtalar i år.
Inngongspengar kr 250,- per person.
Vel møtt til ein festdag!