Helselaget stilte med lunsj og gåve!

Onsdag 13. mai kom helselaget på Fogn på besøk til Fogn oppvekstsenter. Og ikkje berre kom dei med sitt blide åsyn, dei hadde med lunsj og gåve til borna! 

Klokka 10.30 var det fleire fint dekka bord som sto klare til å ta imot både barnehageborn, elevar og tilsette. Då hadde helselagsgjengen alt svingt seg på kjøkkenet i ein times tid, og kunne servera tomatsuppe med egg og makaroni. I tillegg var det diverse å velgja i for dei som ikkje er så glade i tomatsuppe... Men før maten overrakte leiar i helselaget, Reidunn Østhus, ei gåve til elevane fordi dei har vore så flinke i konkurransen "Hopp for hjertet", som Nasjonalforeningen for folkehelsen har gjennomført i mai. Elevane har i løpet av dei siste to vekene hoppa tau i omlag 18 000 minutter til saman, noko helselaget ville premiera ved å gi ei pengegåve til elevrådet, som skal få bestemma korleis pengane skal nyttast på noko kjekt til elevane. Leiar i elevrådet, Jørgen Bø, tok imot og takka på vegne av elevane.

Så fulgte ein lang og god lunsj, og då alle var gode og mette, leverte helselaget også på ryddefronten! Ein flott avslutning inn mot 17.mai-helga! 

Under er fleire bilete frå lunsjen: