Spanande årsmøte i grendalaget...

Då grendalaget arrangerte sitt årsmøte på oppvekstsenteret måndag 20. april, var det nok mange av dei 40-50 frammøtte som hadde kome for å høyre kva Karl Stefan Afradi hadde å seie om moglegheiten for å binde Fogn til fastlandet med tunnel og bruer vidare inn mot Fisterøyane og Halsnøy. Den 24 år gamle Høgrepolitikaren Afradi la fram bacheloroppgåva si på ein god måte, og fekk mange spørsmål frå salen. Hans råd til Fognbuen som ville bli knytta til fastlandet var klar: Lag mykje støy i rett retning for å få gjennom det de ynskjer. I tillegg bør de kommunisera at de er innstilte på å betala bompengar for å realisera dette prosjektet...

Men det var ikkje berre Karl Stefan Afradi som hadde spanande ting å kome med denne kvelden. Like etter at Afradi hadde snakka og svart på spørsmål, fekk nemleg Øyvind Sandanger ordet, som talsmann for Fogn Handel denne kvelden. Han kunne melde om at Fogn Handel kom til å overta butikken på Fogn, og at Ivar Opsal ville verta ny butikksjef. Butikken skal få ei oppussing, og så er planen å starte opp att omlag 1. juni, med ein "nyopningsfest". Årsmøtet klappa lenge og vel for desse nyheitene, og Fogn.org vil også vere med og ynskja Fogn Handel, og spesielt Ivar Opsal lukke til med butikkprosjektet!

Etter dette var det tid for matøkt og ei lita utlodning, før ein gjekk laus på sjølve årsmøtesakene. Det meste foregjekk utan den heilt store dramatikken, men det vart ein liten diskusjon kring dette som går på oppnemning av valnemnd (vedtektsendring), deira ansvarsområde, og kor mange kandidatar dei skal leggje fram for årsmøtet som skal velgje styre. Vala vert uansett gjennomført og vi fekk dette Grendalagsstyret for det komande året:

Kristoffer Østhus (1 år att, vart valt som leiar på årsmøtet)
Joar Sandanger (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Arnstein Bøe (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Janne Aano Bøe (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Harald Bøe (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 
Merethe Kindingstad (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 
Kathrine Flesjå (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 
Varamedlem: Johannes Hovda jr (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Varamedlem: Arne Straumstein (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 

Den nye valnemnda ser slik ut:

Tone Østebø (1 år att)
Oddny Kjølvik (2 år att)
Jakob Bø (3 år att)

Ottar Sandanger vart attvalt til revisor.

Årsmeldinga frå Grendalaget og referat frå årsmøtet vil verta lagt ut på Fogn.org når desse vert oversendt.