No vert dette svindyrt!

Det er ikkje lenge sidan styret i Finnfast sende brev til samferdselsministeren med spørsmål om departementet hans kunne kompensera for tapte inntekter i bommen på Hanasand, etter at svært mange køyrer elbil gjennom tunnelen. Elbilane betaler som kjent ingenting ved passering av bommen, men samferdselsdepartementet ville heller ikkje betala for gratispasseringane, skreiv dei i eit brev til styret i Finnfast. Les meir om dette ved å klikke HER.

No syner det seg at samferdselsdepartementet likevel har funne ein måte som gjer at også elbileigarane må vere med og finansiera Finnfastprosjektet. Dei har nemleg bestemt at sjåførar med elbil frå og med 1. mai 2015 må betala ferjebillett som om dei køyrde ein middels stor lastebil (10-12 meter). Billettpris før rabatt vil då verte 386 kroner mellom Fogn og Judaberg, og enno meir for dei som reiser til Finnøy frå øyane nord i kommunen. Mange vil nok hevde at dette er ei urettferdig ordning, der dei som kanskje ikkje får størst nytte av Finnfast får den største rekninga. Det kan sjå ut som om samferdselsdepartementet har tenkt på dette, då dei skriv i eit brev til Finnfaststyret at:

"Vi er klar over at dette rammer hardt, men i et valgår som dette er vi først og fremst opptatt av at det ikke rammer så mange. En må også huske på at sjåføren av elbilen er inkludert i denne nye prisen". 

Leiar i Fogn grendalag, Kristoffer Østhus, reagerer som venta sterkt på dette vedtaket, og manar folket på Fogn og elles på dei ikkje-landfaste øyane i kommunen til å seie ifrå at dette ikkje er greitt. "Eg vil ikkje oppfordre til sivil ulydigheit, som å t.d. gøyme elbilen på toalettet under overfarten eller enkelt og greit setje på ein CD med motorlyd på anlegget, og hevde at det er ein bensinbil. Her må folk først og fremst nytte lovlege kanalar, som t.d. å sende inn ei klage til samferdselsdepartementet der dei grunngir kvifor denne ordninga vert så riv ruskande gal" seier Østhus til Fogn.org.

Fogn.org deler, ikkje uventa, grendalagsleiaren sitt syn i denne saka, og vil leggja til rette for at folk på ein enkel måte kan seie si meining til samferdselsdepartementet. Difor legg vi ut eit enkelt skjema der alle som ynskjer det kan leggje igjen sitt namn og ei melding, som vi vil syta for å vidareformidla til samferdselsdepartementet. Kvart namn på lista er eit steg nærare å setja ein stoppar for iverksettinga av denne urettferdige ordninga.

Takk for at du er med og bidreg til å halda liv i "den lyse og levande" øya vår!