Glimt frå konserten på laurdag

Omlag 120 personar møtte opp i kyrkja laurdag kveld, då country gospel - gruppa Jan, Vidar og Asbjørn hadde konsert. Mennene spelte både gamle "klassikarar" frå kyrkjer og bedehus, i tillegg til nokre "Shadowslåter" der gitaris Jan Pihlstrøm imponerte mange med fingerferdigheitene sine!  Det var ikkje "berre" Jan, Vidar og Asbjørn som var kome langveisfrå denne kvelden. Her kom også sjølvaste Lise Karlsen, kjend som ein av grunnleggjarane til Evangeliesenteret, og fortalte om si livshistorie. I tillegg måtte jo primus motor Svein Østhus få sleppa til litt innimellom, noko som førte til eindel humring og latter i salen då Svein fortalte fleire muntre historier. 

Konserten, som starta klokka 19.30, varte i godt over to timar, og det var ikkje slutt med det. Etterpå var det nemleg mange som hadde vore med og bidrege til den gode kveldsmaten, som vart servert i kyrkjekjellaren. Der nede gjekk også praten godt, slik at folk ikkje trakk heimover før  klokka nærma seg 23.00, mette på både mat og inntrykk!

Under er nokre glimt frå konserten: