Country i kyrkja til helga
/Som vi har skrive om tidlegare, kjem Angela Primm og Elsa Harris til Fogn kyrkje for å ha konsert onsdag 18. mars. Men det er ikkje "berre" dette som skjer i kyrkja denne veka, laurdag og sundag kjem det nemleg enno meir besøk! Det er Svein Østhus som melder frå til Fogn.org om dette, i ein mail der han ynskjer at informasjonen under skal verta kunngjort.
Country gospel - gruppa som består av Jan, Vidar og Asbjørn kjem nemleg på ny til Finnøy og Fogn. Karane har vore her tidlegare, då dei er medlemmar av gruppa "Vi5menn" som har hatt to kyrkjekonsertar på Fogn dei siste åra. No kjem dei altså på ein ny visitt, og under dei to samlingane på Fogn, har dei med seg Lise Karlsen frå Evangeliesenteret.
Programmet for "turneen" ser slik ut:
Fredag 20. mars kl. 19.30:
Konsert i Hesby kyrkje
Laurdag 21. mars kl. 19.30:
Konsert i Fogn kyrkje. Lise Karlsen deltek. Kveldsmat for alle i kyrkjekjellaren etterpå.
Sundag 22. mars kl. 11.00
Songgudsteneste i Fogn kyrkje. Tale ved Lise Karlsen.
Konsertane er gratis, men det blir teke opp ei kollekt til Evangeliesenteret i Østebro.
Vel møtt!