Vellukka eldrefest i kyrkja!

Onsdag 9. desember inviterte Fogn helselag pensjonistar med fylgje til eldrefest i kyrkjekjellaren. Og at denne festen har blitt svært så populær vart tydeleg gjennom at dei første gjestene kom i god tid før klokka seks, sjølv om festen ikkje skulle starta før halv sju... Då klokka nærma seg det offisielle starttidspunktet var lokalet alt fylt opp av festkledde eldre som lytta til vakre tonar frå "Trekkspelkameratane", koste seg med gløgg, og drøste med kvarandre!

Helselaget, som arrangerer denne festen utan nokon form for inngangspengar, stilte med både middag og dessert, beståande av røykt svinekam og riskrem med ikkje mindre enn tre mandler i. Då maten var eten, skulle eigentleg Jon Arne Helgøy stått for underhaldninga, men han hadde rett og slett mista stemmen, og måtte difor melde avbud (men han har alt lova å gjere det han kan for å stilla neste år..). I Jon Arne sitt fravær vart det Reidunn Østhus som "steppa inn", og fortalte om bakgrunnen for eindel av dei kjende julesongane våre. Det vart også høgtlesing av juleevangeliet, og Fognakoret var med og song fleire songar. Som om ikkje julestemningen alt var god nok, vart det også tid til juletregang før folk etterkvart gjekk kvar til sitt, vel vitande om at no står jula verkeleg for døra!

Under er nokre fleire bilete frå festen og førebuingane til denne, knipsa av Anne Strøm Østhus.