Juleavslutning på oppvekstsenteret
/Torsdag 17. desember var det igjen tid for juleavslutning på Fogn oppvekstsenter. Gymsalen var full av spente born, føresette og tilsette alt før klokka var 18.00 og festen skulle starte. Som vanleg var det barnehagen som "drog det heile igong" utkledd som Lucia, før vi fekk sjå bilete frå hausten som låg bak og framføringar frå alle dei ulike elevgruppene. I tillegg hadde 7. klassingane hovudrollene i ein liten film, der dei hadde "overteke" personalrommet medan dei tilsette måtte stå på utsida og sjå at elevane koste seg med mykje snacks.
Som vanleg var det juletregong og matøkt midt i festen, som var slutt like før klokka halv ni.
Under er ein heil del bilete frå det som hende denne kvelden! Julie Bø har knipsa alle bileta frå gymsalen, medan Håvard Østhus har fotografert juletregongen.